Loftsrennet er eit fjelltelemarkrenn for løparar frå 8 år og oppover. Det vart arrangert for fyrste gong den 25. april 2004. Eitt av hovudmåla med rennet var å få til eit telemarkrenn også for dei yngste deltakarane.

Løypetraseen går frå nesten toppen av Loftet 2170 m.o.h. og ned til Jotunheimen Fjellstue like ved Sognefjellsvegen, eit fall på vel 1000 meter.

Til det fyrste rennet inviterte vi berre deltakarar frå lokale klubbar, da vi ynskte å hauste litt erfaring med arrangementet før vi inviterte til større deltaking. Frå 2005 var rennet ope for alle.

Loftsrennet 2010 vil bli arrangert laurdag den 27. mars.

 

Kvar kjører du for å kome til Lom og Loftsrennet?

Lom ligg "sentralt" i Sør-Norge med nokså lik avstand til alle dei tre største byane, Oslo, Bergen og Trondheim. Avstanden Oslo-Lom er ca. 370 km, og avstanden noko stuttare til Bergen og Trondheim. Frå Oslo eller Trondheim fylgjer du E6 til Otta, frå der 60 km etter rv. 15 mot Lom. Frå Bergen og Vestlandet er det raskast for mange å kome over Strynefjellet vinters tid, da Sognefjellsvegen ikkje opnar før ca. 1. mai. Frå Stryn er det 12,5 mil til Lom. Frå Lom sentrum kjører du mot Bøverdalen etter rv. 55 Sognefjellsvegen i 3,5 mil, da er du ved Jotunheimen Fjellstue og utgangspunkt for turen til Loftet.

Overnatting i Lom?

Lom er ein stor turistkommune med mange gjestesenger, så overnatting er sjeldan noko problem for den som måtte ha behov for det. Nordal er stedet for overnatting og bankett. For tilbod eller bestilling så ta kontakt direkte ved å gå inn på heimesidene 

Arrangørar er Bøverdalen IL og Lom IL i fellesskap.